Hubertus Fall

Dikt Skrevet av

forslag forside4Det begynner å nærme seg tiden for neste nummer av bøygen, #1/2016 «Minne». I den anledning har vi gleden av å publisere  «Hubertus Fall» av Joakim Hunnes. Han har tidligere studert litteraturvitenskap og journalistikk, i tillegg har han gått forfatterstudiet i Bø og skrivekunstakademiet i Hordaland. Hunnes skriver både romaner og poesi. Her kommer et eksempel på det siste, knyttet til vår tematikk «Minne».

 

Illustrasjon: Uten Tittel (2015) Terese B. Larsen, tereseblarsen.com / @tereseblarsen

 «Hubertus Fall»

I

 

Når eg kjem kan eg sjå eit lite glimt i augo dine,

du veit eg har med meg sjokolade,

eg er ikkje sikker på du veit kven eg er lengre

eg ser det same lyset i augo dine,

eigentleg eit mykje større lys,

når dei som jobbar der kjem innom.

 

eg skulle ynskje at eg kunne konkurrere med dei,

men alt me har hatt i lag,

heile mitt liv,

og store delar av ditt,

er vekk i deg,

du hugsar det ikkje,

du berre hugsar det som skjer no

i dag, i går,

ho her er snill med meg,

eg er berre ein som kjem på besøk nå og da,

eg prøvar å vere her tre gongar i veka,

men eg kan ikkje konkurrere med dei som er her kvar dag,

sjølv om eg kjem med sjokolade

 

 

II

Ho vekte meg, gå ut å sjå kva pappa har gjort

eg kom meg ut or senga,

fekk på meg støvlar, hue og ein strikkagensar

spring ut og der står fleire karar,

nokre naboar, andre eg ikkje kjenner,

alle i kring far min som står der med ein kniv,

blodig opp til olbogane,

kom og sjå seier han, dyppa hendene ned i ei bøtte med vatn,

eg kjem fram til han, og ser bukken,

er han ikkje fin vel,

far din har skote ein ordentlig sværing,

seier dei,

dei har skore opp magen, og det som er inni er på veg ut,

hekje han det låkt, seier eg,

men faren min ristar på hovudet,

han er dau,

strekk ut ei blodig hand,

kom

og eg kjem bort,

han let meg sjå nærmare på han,

større gevir enn den som henger nede hjå bestefar,

eg seier det, og hører han protestere,

eg går bort til bestefar min,

han tek meg i handa og seier me skal få i deg noko og ete, Joakim,

kom no.

 

 

III

Eg luktar det når eg kjem inn døra,

skulle berre inn å seie me tek oss ein tur inni Vik,

om han trengte noko

han sit der, ved kjøkenbordet

dra deg ut

seier han,

skal eg hjelpe deg,

spør eg,

kom deg for i helvete ut,

roper han,

eg kjenner at det er det eg har mest lyst til å gjere,

dra meg til helvete ut,

men han sit der neste gang eg kjem også,

same stad, same tilstand,

kom seier eg,

han gjentek det han bad meg om i stad,

eg seier me tek oss ein dusj,

han bed meg dra meg til helvete,

og eg seier det er meg eller Charlotte,

kom nå,

Han nektar,

og eg seier, eg hjelper deg ut i dusjen, så ryddar eg opp, og så seier vi det ikkje til nokon, det har ikkje hendt,

lat oss gøyme spora,

han ser ikkje på meg, og eg går ut på badet og startar dusjen,

han kjem, stiller seg i dørkarmen til badet

eg seier kom,

går bort og tek tak i krangen på flanellskjorta,

han slår vekk handa mi,

dei bøvelege hendene hans,

eg seier

legg kleda på golvet,

eg skal vaske dei eg,

Charlotte treng ikkje vete noko,

eg går inn på kjøkkenet,

lagar til ei vaskebøtte,

høyrer han går i dusjen,

byrjar å vaske under der han sat.

 

 

IV

Eg kjem, og du ligg berre der

om eg legg til litt godvilje så kan eg seie eg ser noko i augo dine når eg kjem,

Dei seier det, sjukepleiarane, at du kjennar dei att,

at dei kan sjå det,

men eg veit ikkje om eg kan sjå det eller om eg berre vonar eg kan sjå noko,

eg sa det til Charlotte,

at eg ikkje veit kor mykje du bryr deg om eg er der eller ikkje,

at det heile gjer det vanskelegare å halde på med å besøke deg,

ho seier eg må halde fram, båe for din del og min eigen,

at ein i alle fall ikkje skal sitte igjen å tenkje at ein skulle besøkt deg meir,

noko eg gjer uansett.

 

Det er ikkje all verda igjen av den faren eg kjende,

du har gjeve opp,

det er eg som et krokanrullen,

eller eg let den berre ligge der,

tek ein bit eller to,

og vonar du et den når eg ikkje er der,

om det er pleiarane som gjer det,

så kan eg slik borna som set ut mat til nissen

tru at noko skjer når eg ikkje er der.

 

dei seier du har slutta å ete

men det er ikkje noko ein eigentleg får lov til

me forstår du har bestemt deg for å døy

og eg veit dei tvangsforer deg,

eg skulle ynskje at dei let deg gjere som du ville

 

hadde du vore far min,

slik eg kjende deg,

slik du var før,

så hadde eg ikkje tørt å nekta deg noko

ville du ikkje ete, så ville du ikkje ete,

ville du døy, hadde du teke med deg ei hagle ut i vedahuset.

no berre visnar du vekk, ligg i senga di og vil ikkje meir

men me let det ikkje gå fort,

det har me ikkje lov til,

 

 

V

Sjølv om jorten eg nett hadde skote var større enn noko du nokon gong hadde skutt

trur eg du var oppriktig då du gratulerte meg,

du var den første eg ringte til,

og du var den første som kom,

du studerte gevira

dette her er jo massivt, seier du,

det er jo nummeret før han er ein returbukk,

slik som deg, vitsar eg,

og du seier pøh,

fleire kom,

og du var meir stolt enn meg,

då me skulle ta den ned att let du ikkje dei yngre kreftene få sleppe til,

skubba dei vekk ifrå gromplassen med tauet som var festa i gevira

eg fekk høre det med mamma dagen etterpå,

du må ikkje la han få halde på som om han var førti lengre,

han kom ned att gul og blå

han var ikkje god i ryggen på ei veke etterpå

men stolt var han,

faen så stolt.

 

 

VI

Eg kjem og du ligg berre der

eg har høyrd dei seier at det er betre når du er vekk

at eg kan byrja å hugse deg slik du var,

ikkje slik du er no

 

eg har så mykje eg vil seie deg

mykje eg vil ha svara på,

 

kvifor lærte eg det ikkje godt nok då du lærte det til meg,

kva krut som skal i ei 7,62×51

kor mykje salt ein treng for å speke eit fenalår

kven som var gift med kven og kva gard kom dei frå, dei nede på Årset,

kven skorte målet som gjorde at Arsenal vann ligaen på White Hart Lane i 71

kvifor skreiv eg det ikkje ned

kva fekk meg til å tru du alltid ville være der å svare på dei tinga

 

å spørje deg om noko er fåfengt.

 

eg fortel deg om kva eg gjer på

kva Charlotte gjer på og kva sonen min gjer

kven han spelte mot i helga og at han skorte, sjølv om dei tapte 2-1

eg seier ikkje kor mykje eg saknar den du var,

å kunne ringe å spør om alt muleg

kor glad eg er i deg

alt som eigentleg betyr noko

 

 

 

VII

Eg hugsar då du berre forsvann

dei ringte meg;

dei hadde ikkje sett deg på lenge

fann deg ingenstad

du hadde gått rett ut døra

 

du ville ikkje vere der

eg forstår det

det bydde meg sterkt imot at du måtte flytte,

men det gjekk ikkje meir

eg skulde det eine og det andre

Charlotte og,

me hadde ikkje tida til å passe deg,

det blei berre verre,

du klarte ingenting sjølv,

 

dei ringte til meg

og du var vekk,

at dei hadde tenkt å ringe politiet

eg sa eg skulle kome med ein gong.

eg ringte politiet sjølv,

me leita etter deg til det vart mørkt

og dei gav opp,

me prøver igjen i morgon,

eg gjekk der i fleire timar aleine med lommelykt,

ropte namnet ditt

men måtte gje opp eg også

det var ikkje vits.

 

eg gret når eg kom heim.

Charlotte held rundt meg,

eg sa eg trudde du var død,

ho trøysta meg

fortalte meg kor sterk du var,

at eg ikkje måtte gløyme kven du var,

ikkje berre kven du er no.

 

eg sto opp klokka fire,

hadde ikkje sove noko likevel,

sat meg i bilen og køyrde,

starta ein kilometer lengre framme enn eg slutta dagen før.

byrja og rope,

og du svara,

og så kom du gåande oppover mot meg

du fraus, sa du,

og eg gav deg jakka mi,

eg tok deg med heim

til ditt eige hus

let deg ete på ditt eige kjøken

sove i di eiga seng.

 

 

 

 

Joakim Hunnes (2016)