Poesi og matematikk er både sant og usant

Skrevet av

Litt trist matematikk Kjersti Annesdatter Skomsvold Oktober

Litt trist matematikk
Kjersti Annesdatter Skomsvold
Oktober

Skomsvold fortel små historier knytt til sjukdom, skriving, Bibelen og matematikk i si første diktsamling. Både det svevande og det konkret kvardagslege er nært til stades i dikta. Å lese Litt trist matematikk gjer ein kanskje litt trist, men aller mest gjer det inderlig godt.

Kjersti Annesdatter Skomsvold fekk ei svært god mottaking av hennar to romanar Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009) og Monstermenneske (2012). I haust kom litteraturen hennar i ei ny form, diktsamlinga Litt trist matematikk. Samlinga består av seks diktsekvensar knytt til ulike menn frå Bibelen: Lasarus, Adam, Herodes, Gud, Abel og Jesus. Dikta har ofte lange verselinjer, og fortel små historier og episodar. Dei beveger seg mellom ulike europeiske byar, og mellom samtida og bibelsk tid. Lange og kortare sitat er tekne rett frå Bibelen. Dette er fletta saman med kvardagslege tankar, som står i sterk kontrast til det alvorlege bibelske. Skomsvold har dikta vidare på dei bibelske karakterane, og har gitt dei nye eigenskapar. Lilith er den viktigaste karakteren. Etter myta er ho den første kona til Adam i Bibelen. Myta fortel at ho ikkje ville underordne seg mannen, og at ho difor reiste i frå Adam. Det er altså ei sterk kvinne vi har med å gjere. Det bibelske vert drege ned på jorda og møter samtidige hendingar knytt til språk, skriving og sjukdom. Element som går igjen er sigarettar, hår, tiss og tenner. Dikta inneheld altså ei blanding av noko konkret jordisk, og noko mytisk, svevande.

I Bibelen står Lasarus og Jesus opp frå det døde. Å stå opp frå dei døde er naturleg også i dette lyriske universet. Lilith er i ein av diktsekvensane saman med ein mann som heiter Jesus. Ho lurer på om han har tenkt å gjere som Lasarus og Jesus frå Bibelen, å stå opp frå dei døde og kome tilbake til henne.

Om kvelden sniker hun seg inn på kirkegården, prøver å lukte seg frem,
graver et hull, firer ned et tau, trekker den utvalgte opp,
legger en frakk rundt skuldrene, støtter den døde ut,
blir skuffet da hun i morgenlyset ser at det ikke er meg.
Hun sender liket med et skip til England, et skip med illeluktende ost.
Lilith lever lykkelig resten av sitt liv.1

Ved sidan av Bibelen står matematikken sentralt i samlinga. Skomsvold viser korleis matematikk kan nyttast til ulike føremål. Rekning og tal dukkar opp her og der i samlinga. Om noko vert matematisk bevist er usikkert, men ho viser oss korleis matematikk kan vere »litt trist»:

Lilith deler livet sitt inn i tre. Det går et skille ved trettitre år,
sekstiseks, nittini, ser hun for seg.
Hun lurer på om hun skal vere optimist og telle oppover,
eller pessimist og telle nedover. Da hun ikke vet når hun skal dø
(hun tror hun vil dø når hun er nittini, men er ikke sikker),
er det meningsløst å telle nedover, så det passer godt.
Å se inn i fremtiden er ikke verdt anstrengelsen.2

Dikta er leikande og påståelege. Det å skulle bevise noko med logikk ligg matematikken nær. Poesien sitt vesen er ofte meir svevande. Forsøka på bevislegging og argumentasjon som finst i dikta, fell ofte saman. Det dukkar nemleg opp løgn i dikta, som gjer dette vanskeligare. Det bibelske er ei slags sanning for nokon, så lenge dei trur. Sanninga finst, men er altså ikkje total. I dikta, som i Bibelen, er det ofte vanskeleg å vite kva som er sant. Døden er både sann og usann, som så mykje anna. Det tvitydige er gjennomgåande, og gjer at samlinga får eit fabulerande utrykk, framfor å vere matematisk påståeleg. Men naturvitskapen er heller ikkje så oppteken av absolutte sanningar. Det handlar om at det finnast godtekne sanningar, sanningar ein kan tru på og relatere seg til, fram til noko anna er bevist.

Verselinja »Stjernenes urørlighet er plagsom, av alle stjerner liker jeg flyene best»3, viser rørsla mellom det svevande og det konkrete i dikta. Grensene mellom liv og død, løgn og sanning, vert skildra med ein kvardagsleg nærleik. Slik kjem det fram at dei store eksistensielle og universelle spørsmåla ikkje er reservert eit eige svevande og filosofisk rom, men kan vere tilstade i liva våre akkurat der vi er. Døden er ein sikker del av livet. Det som står igjen etter oss er viktig i diktsamlinga.

Liliths navn skal stå i dødsannonsen.
Hun kan ha et fotografi av meg på innerlomma,
tenke på meg én gang mellom soloppgang og solnedgang.
Det blir bare slitsomt med en grav å stelle,
hun kan få litt av sotet, asken,
spre den i et tjern på et fjell.4

Kva er det med Skomsvold som gjer at ein vert sugen inn i universa ho dannar kring sine underlege karakterar, for så å ynskje å bli der? I alle bøkene hennar møter vi kvinner som ikkje alltid er like vellukka eller kan plasserast under »normalen». Men alle desse vert behandla med ein respekt for sine litt merkelege handlingar og tankar. Om gjenkjenning burde vere eit kvalitetskriterium i litteratur kan diskuterast, men den annerkjennande måten Skomsvold skildrarar karakterane på, fører til at ein kan le av dei på ein god måte. Akkurat som den gamle dama Mathea i Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg konkurrerer også eg med alle rundt meg om å gå fortast opp bakkar eg møter. Skomsvold gjev oss nokon å dele våre merkelege sider med. Å lese verselinja »Jeg tenker ikke utelukkende på mitt eget velbehag. Men jeg tenker på det!»5 i Litt trist matematikk, gjer godt. Det kan få ein og kvar til å senke skuldrane. For kva er det vi strevar slik etter? Dikta, som dei føregåande romanane, viser ein sympatisk sjølvopptekenheit. Ja, vi er samfunnsengasjerte menneske som bryr oss om andre, men ofte set ein seg sjølv først likevel. Kanskje er det greitt.

Kvinnene i dei tre bøkene til Skomsvold er opptekne av eigen eksistens. Heile prosjektet til Mathea er å ikkje bli gløymd etter hennar død. Kjersti vil skrive ein roman, for slik eksisterer ho i verda. Lilith vil skrive sant, og førebur døden.

Døden er ikke rettferdig. Døden er blodløse lepper. Konsistens som råtten fisk.
Men det er om ikke annet hyggelig å ha sin egen jordflekk til evig tid.6

Døden er sterkt til stades i diktsamlinga. Dikta er likevel snarare morosame enn triste å lese. Mangelen på absolutte sanningar kan gjere livet og døden fortvilande og meiningslaus, samstundes som det gjev oss menneska noko å undre oss over – og det er jo litt fint.

  1. s. 74 []
  2. s. 72 []
  3. s. 65 []
  4. s. 8 []
  5. s. 53 []
  6. s. 70 []