Kor går grensa?

Essay Skrevet av

Introduksjon til omsetjinga av «German Amok» frå novellesamlinga Gewalten. Ein Tagebuch av Clemens Meyer 2010, S. Fischer Verlag.
Fra bøygen 2/13 Litteraturen og det onde

Clemens Meyer vart fødd i 1977 i Halle/Saale i Tyskland, og bur i dag i Leipzig – noko bøkene hans, som er stappa med lokale referansar, tydeleg ber preg av. Han debuterte i 2006 med romanen Als wir träumten (Då vi drøymde), som han fekk fleire prisar for, og i 2008 kom ei samling forteljingar med tittelen Die Nacht, Die Lichter (Natta, Lysa), som han blant anna fekk bokmessa i Leipzig sin pris for. Trass sitt sterke og originale litterære uttrykk, og at han no har vorte ein anerkjend forfattar i heimlandet (og ikkje minst det at han kjem både på svensk og dansk), er han framleis ikkje utgjeven på norsk.

Teksta «German Amok» er henta frå Gewalten. Ein Tagebuch, ei samling tekster som starta som eit bloggprosjekt. Det har òg sett sitt preg på tekstene, som er eksperimentelle og har innslag av montasjeform. Gjennomgåande referansar til aktuell media, litteratur, filmar og spel plasserer boka i notida. Ordet «Gewalten» er tvitydig og kan omsetjast til makt eller vald i fleirtal. Den engelske tittelen har vorte Acts of Violence. Fleire av tekstene er brutale, marerittaktige og groteske, og Meyer går langt i å tematisere vald og maktmisbruk. Tekstene er personlege, sterkt kjensleladde og verknadsfulle, samstundes som hovudpersonen har ei distanse til det vonde i tekstene: Forteljaren skildrar fælslege og brutale ting ubehageleg nøkternt, og gjev lesaren innblikk i forvrengde perspektiv med utflytande grenser mellom røynd og fantasi.

I «German Amok» er det særleg grensene mellom røynd og spel som er diffuse. Det er vanskeleg å seie kva for verknad det er Meyer vil oppnå med denne ubehagelege lesinga, men ein kan vere freista til å tru at han vil vise konsekvensane av å distansere seg frå røynda gjennom spel – sjølv om der ikkje er noka openberr fordømming av handlingane i sjølve teksta. Det er i alle høve vanskeleg å ikkje trekkje linjer blant anna til Kaj Skagen sin artikkel om Anders Behring Breivik sitt forhold til spel i Dag og tid 27. april i fjor. Eg-personen er aggressiv og uberekneleg, ein outsider utan empati. Samstundes er det element av autofiksjon i teksta, og også gjennomgåande i samlinga – dette eget heiter nemleg Clemens Meyer. Tvitydigskap og forvirring er nøkkelord, og mykje av drivet i tekstene ligg nett i det uklare skiljet mellom fantasi og røynd.

Dette vert også spegla i det språklege uttrykket, ein sjeldan avbroten talestraum, full av digresjonar og hopp i tid og rom og handling, og nett det er det viktig å gjenskape i den norske teksta. Eit anna stiltrekk hjå Meyer er det svært munnlege språket. Korleis kan ein attgje det utan å omplassere teksta i eit typisk norsk miljø og dimed fjerne seg frå det lokale hjå Meyer? Den nynorske målforma, som er forankra i ein munnleg tradisjon, meiner eg er med på å bidra til dette, utan at ein treng å ty til såkalla vikværsk og austlandske bysosiolekter, som ofte har vore brukt for å skape ein munnleg stil på norsk. Vidare er det å finne ekvivalentar til dei kraftfulle uttrykka til Meyer, som er med på å gje form til teksta, og å klare å overføre den intense og noko provoserande tonen, ei utfordring i omsetjingsarbeidet – Meyer testar i denne samlinga grensene for kva vi kan tole å lese.