bøygen søker tekst!

Skrevet av

Tidsskriftet bøygen søker tekst til nytt nummer om ”Naturen”

Fjordar, fjell, skog og sjø. Den norske identiteten er nært knytt til den norske naturen. I nasjonalromantikken vart naturen nytta i nasjonsbygginga. Folkesjela var forankra i naturen. Og framleis er den ein viktig identitetsmarkør. Dei fleste har vel hatt eit profilbilete der dei står på toppen av eit fjell? Men kva er eigentleg natur? Vi har konstruert eit skilje mellom naturen og byen, men er eigentleg eit fuglereir meir naturleg enn ei høgblokk?

Og kva er eigentleg naturleg? ”Tilbake til naturen”, skal Rousseau ha sagt, og da uttrykte han ikkje berre eit ønske om å kome i kontakt med naturen igjen, men òg det som er naturleg. Vi bruker ofte omgrepet ”naturleg” for å legitimere påstandar. I media får ein vite at det er naturleg med høgare fartsgrense enn 60 km/t. At det å publisere karikaturar av Muhammed ikkje er viktig, men ”naturleg”. Og at det er naturleg å handle på søndagar. Men er det naturlege positivt i seg sjølv?

Ein har dyrka naturen som ei kraft og ein har oppfatta naturen som noko truande. Huldrer og underjordsfolk har vore uttrykk for det skremmande ved naturen. Menneske har hatt eit avhengigheitsforhold til naturen. Naturen har vore folk sitt levebrød. Embetsmannssonen Johan Sebastian Welhaven romantiserer og idealiserer naturen i sine dikt, medan bondesonen Ivar Aasen i større grad skildrar naturen som ein stad der han bur og arbeider. Er det slik at jo meir avsondra ein blir frå naturen, dess meir idealiserer ein naturen?

Bøygen # 1/2015 har tema ”Naturen”, og vi er opne for tolking rundt temaet. Vi tek imot tekster og illustrasjonar av alle slag. Alt av essay, bokmeldingar, artiklar, skjønnlitterære tekster, intervju, bilete og teikningar er velkommen.

Send tekster til boygen.bidrag@gmail.com.

Frist: 1. mars

Beste helsing

bøygenredaksjonen