Nytt nummer ute nå!

Skrevet av

Vi gir deg forordet til vårt fantastiske nye nummer: Litterær omsetting og den litterære omsettaren! Helt gratis her på verdensveven.

Illustrasjon: Julianne Yang

Illustrasjon: Julianne Yang

Lederen til bøygen 4/2013.

Den litterære omsettaren er gjerne utskjelt og oppskrytt på same tid – og sjeldan noko imellom. Den nynorske litterære omsettaren finst snart ikkje lenger, og skal ein tru enkelte bokmeldarar, er vellukka litterær omsetting rett og slett umogleg. Og likevel, du er i ferd med å lese eit nummer av bøygen, via fullt og heilt til litterær omsetting og den litterære omsettaren.

Med dette nummeret ønsker vi å røre ved ulike problemstillingar knytt til omsett litteratur og omsettaren sin(e) rolle(r): Kor synleg kan omsettaren vere? Kor tru mot forfattaren må ein vere når ein omset? Kan ein også snakke om omsettaren si røyst? Og kven er det eigentleg som blir omsett? Vi har gitt oss sjølv og bidragsytarane høve til å sjå nærmare på det å omsette litteratur. Kanskje med eit litt anna perspektiv enn det ein ofte har i vitskapelege fora – her let vi omsettaren kome til orde.
Vi ville løfte fram røystene til dei som omset for sitt daglege brød, til dei som studerer »det umogleges kunst», til dei som omset seg sjølve, til dei som omset frå daude språk, og frå store til små språk eller omvendt. Vi ville utfordre bokmeldarane til å skrive meldingar som verkeleg ser omsettinga som ein tekst med sin eigen rett. Og ikkje minst ville vi vise fram omsettingar innanfor ulike sjangrar, og frå forskjellige språk. For litterær omsetting kjem i mange slags klede, sjølv om dei skulle bere same språkdrakt.

Skiljet mellom å omsette ord for ord og å overføre meininga i ein tekst er ein velbrukt dikotomi i omsettingsvitskapen, som ber mange ulike namn; dynamisk og formell ekvivalens, adekvat og akseptabel eller dokumentarisk og instrumentell omsetting. Det handlar støtt om å finne balansen mellom å omsette ord for ord versus det å omsette meininga i teksten. Men det er ikkje alltid vitskapen kan svare på kor meininga i ein tekst eigentleg ligg, og sjølv om dette også er noko som mange profesjonelle omsettarar tar stilling til, handlar mykje likevel om magekjensle og erfaring som mellomperson mellom såkalla utgangskultur og målkultur. Her får vi kanskje eit lite innblikk i tankar og arbeidsprosessar kring omsetting, frå eit »omsettarperspektiv».

Lojalitet mot originaltekst og forfattar får vi høyre meir om i eit essay av Hilde Rød-Larsen og i ein artikkelen av William Gjerde. Rød-Larsen tar også implisitt opp spørsmålet om kompensering, eit tema som er mykje omdiskutert i metalitteraturen kring omsetting. Eit anna noko betent tema i bransjen er bruken av dialekt i norske omsettingar. Tidlegare i haust skreiv til dømes Tommy Watz i eit innlegg på Oversetterbloggen at han aldri har sett vellukka dialektbruk i omsettingar til norsk. Er det verkeleg slik? Ika Kaminka stiller i sin artikkel om dialektbruk mellom anna spørsmålet: Er det lov å skape ein ny dialekt? Røysta til omsettaren er også noko vi er på jakt etter, og Annjo Klungervik Greenall fortel om korleis ho fann si røyst i omsettinga av songane til Billie Holiday. Vi er også innom skilnaden mellom å omsette som omsettar og å omsette som forfattar – der det særleg i omsetting til nynorsk er forfattarar som omset. I dette nummeret av bøygen fortel forfattaren Brit Bildøen om erfaringane sine som omsettar. Ein kan dessutan også omsette seg sjølv, slik Sigbjørn Skåden har gjort, frå samisk til norsk – trass ein motstand i språket mot å la seg omsette. Vi kan også by både på teori og praksis: Marianne Walløe skriv om omgrepet omsettelegheit og Walter Benjamins idé om det reine språket, medan Tove Bakke gir oss ein ABC til omsettarlivet i praksis.

Med nokre medvetne val når det gjeld språk og målform, håpte vi å kunne pirke borti enkelte normer, utan at det skulle styre bidraga. Vi ville også syne fram og vidareføre noko av det som er aktuelt i omsettingsdebatten. Norsk oversetterforening har den siste tida til dømes hatt fleire synlegheitsprosjekt på gong. Dei har mellom anna oppfordra til å skrive inn omsettaren sitt namn i Wikipedia-artiklar om omsett litteratur, og dei har hatt konkurranse om å lage kortfilmar som synleggjer omsettaren. Truleg er den mest synlege omsettaren i dette nummeret av bøygen å finne i romanutdraget frå metaromanen Vengeance du traducteur, der omsettaren tilsynelatande tar over heile romanen gjennom sine merknadar, som her igjen har fått enda nokre merknadar frå den norske omsettaren Thomas Lundbo. Utdraget er eitt av fire bidrag som først vart presenterte på Oversatte dager på Litteraturhuset i månadsskiftet februar/mars i år, under programposten «Translate me!». I tillegg til å synleggjere omsettarane ønskte vi også å syne fram nokre forfattarar som vi meiner burde bli omsette – anten til eller frå norsk. Her kan du til dømes lese eit dikt frå Ruth Lillegravens diktsyklus Urd på norsk, svensk, dansk, færøysk og islandsk.

I Gyldendal sitt nyleg lanserte storprosjekt »Kanon» er omsettarane si rolle svært sentral. Saman med omsettarar tilknytt NTNU skal dei omsette ein stor del av den greske og romerske antikke litteraturen, der mange av verka enno ikkje finst i norsk utgåve. Her får omsettarane i høg grad vere med på å styre prosjektet; det er dei som har språkkunnskapane som trengst, og her er det ingen forfattar å spørje om råd eller eksisterande språkbrukarar å konsultere. Omsetting kan bringe tekstar frå daude språk til live, og slik fortelje oss mykje om verdas historie. I slike tilfelle er omsettarane rett og slett umistelege. I dette nummeret av bøygen har vi verken omsettingar frå gresk eller latin, men ei novelle som er omsett frå osmansk av Anne-Marie Stenvåg Egset. Her får vi innsyn i ein kultur og ein litteratur som ikkje ville vore tilgjengeleg for oss utan omsettaren.

Med bøygen #4 / 2013 ville vi halde jarnet varmt. Synleggjering av omsettarar og arbeidet dei gjer for å opne opp verda for lesarane, er stadig eit stort og viktig prosjekt. Vi ville gi vårt bidrag til dette, og samstundes utforske ein del tema knytt til litterær omsetting som sjeldan vert samla på eitt fat på denne måten. Den heilt nye nettsida vår (www.boygen.net), som vi lanserer i desse dagar, skal fungere som ei forlenging av tidsskriftet – også av dette nummeret. Der vil det kome fleire bokmeldingar og fleire omsettingar, så det er berre å gle seg!

Illustratør for dette nummeret er Julianne Yang (f.1987) frå Trondheim. Ho bur, jobbar og studerer i Hong Kong. Du kan sjå meir av arbeidet hennar på bloggen City Lines (www.julianneyang.com). Tusen takk til alle bidragsytarar! Takk til Norsk Oversetterforening for hjelp til å honorere bidragsytarar.

Les og lytt deg fram!