Gå vidare

Dikt Skrevet av

st-hansbc3a5l-nikolai-astrup-udatertI forlengelse av bøygen # 1/2015 med tema «Natur», har bøygens skjønnlitterære redaksjon gleden av å presentere Tove Hassels poetiske diktsekvens «Gå vidare». Tove Hassel har en mastergrad i religionsvitenskap og skriver «Gå vidare» både ut fra en lidenskap for natur og en drøm om at fremtidens mennesker vil stå i et mer harmonisk forhold til naturen enn vi gjør i dag. Et redaksjonsmedlem hos oss karakteriserte diktet som en krans, en sirkel som biter seg selv i halen. Selv visualiserer poeten diktet som et kjede, et forløp der hvert ledd henger sammen med og griper inn i, neste ledd. Naturen er også et slikt kjede, der årstidene både avløser hverandre i en endeløs rekke, og fullfører omløp som biter seg selv i halen. Naturen går alltid videre. Les Tove Hassels dikt og gå ut i våren – før den blir til sommer.

 

Gå vidare

med din sjuke kropp

tråkk vidare

gjennom den djupe snøen

berre litt til.

Prøv å ikkje hoste opp blod

fyll flaska meir enn det

berre ein gong til.

Snart er me der.

Snart er me

i dalen

der me på nytt kan kjenne

gras under føtene.

No kallar landa bortafor

land eg før ikkje ville sjå

med sitt unike me kan lære

og ikkje har noko imot –

ein tanke:

om me ikkje finn vegen til dalen

vår heim

kan me følgje vandrarane

som ikkje søkjer ro

før det siste leirbålet har

slokna.

 

*

Slokna

i vin med ukjende djup

liksom me alle har mørke hav

vakre underjordiske huldra

som bur bland fortidas røter

svarte og hemngjerrige

elegante

men vil eigentleg ikkje skade deg.

Lytt

våg å danse med einsemda

synge mørket

skrive nettene

mål di frykt, men unngå den ikkje

for når alt går deg imot skal du bu her nede.

Bu her ekte, i samtale med eigne skuggar

og gå berre vidare.

Djupare og djupare ned

til raude trådar leier deg til ljoset att

og ein dag skal du lengte tilbake hit

der alt luktar jord

og steinar talar:

Trø varsamt.

 

*

Trø varsamt,

for under snøen er det is.

Snøfnugg samlar seg i rufsete hår

la det vere. Det smelter ikkje.

Kalde kinn smiler. Lat det snø tungt i lufta.

Sporet går opp

skogen tek slutt

fjellet er snautt og opent

med stive bølgjer

av vind og snø.

Kanskje er det mest fengslande

at me ikkje skulle vore her.

Det er bart og iskaldt

og menneskja –

fødde nakne frå klør, vingar, pels og hoggtenner –

skulle ikkje ha vore her

der den dårleg påkledde

blir ny is.

Men folk har likevel streva og døydd

mens ætta har overlevd

og her står me

og ser ned på trygge dalar

der me ikkje er.

 

*

Der me ikkje er

heng den gylne greina høgt

som ljoset fell på akkurat no

når eg endeleg nådde lauvet av sølv,

som var fint men skar eit kutt i handa mi

og når tårene var tømde

fall eit gyllent pollen ned og

blodet stansa

eit av mange pollen vinden ber

frå dei gylne klokkeblomane

så kvinnelege og mannlege samstundes,

famnar all venleik

eg spegla meg i.

Den hang så høgt og det var meininga,

skapa slik, og likevel best.

For det finst ikkje betre lækjedom

for skadane av det me trudde me hadde

enn å sjå dei store blomane me drøymer om

høgt oppe der

fuglar flyr forbi.

 

*

Fuglar flyr forbi

med ditt namn på vengjene sine

regnet lettar

og skygardinene blottar

ein kulerund måne.

Tårer tørkast vekk

etter ei heil natt

under den skjelvande løna.

Skyene brenn varmt

av eld frå ei stigande sol.

Forbi flyr ein fugl

med ditt namn på vengjene sine.

 

*

Med ditt namn på vengjene sine

fløy ramnane mot aust

og brått såg me

eit enormt rosevindauge.

Rundt, dela i små fargar

to små, eit stort i midten

kven hadde trudd fjellet var ein katedral?

Kor lenge har den sove?

Dei vakna til da me utrydda det første dyret

og me blei

infeksjonane

som lurar i altets kropp

og fjella ropar

at undergangen

ikkje er

ein stig me kunne vandre.

 

*

Ein stig me kunne vandre

som da du lena deg fram og kyssa kinna mine

stunda einsame hundreår forsvann

i lag med erkjenningar eg ikkje lenger fekk

og kjærleiken du ikkje lenger ville ta imot

sekundet som aldri ender

som når eg sit stille under dei store trea

eller vandrar i straumane

med blikket på mørke uvêrskyer

på veg nokon stad

og desse kveldane

når alt er blått og lufta leikar stille

og eg skjønar

at eg er universet og universet er mitt

og du er den eg elskar

men ikkje lenger treng

liksom svanene

saman gjev slepp på seinsommaren

omfamnar kulda og chantar –

la oss bli meir som skummet på ein fossande elv

i oktober.

 

*

I oktober

reiser slottet seg her

og i kveld skal prinsen halde ball.

Alt er klart

og alle grasstrå i slottshagen

eksakt like høge.

Men vinden lo

og dekka alt med lauv

gule, brune med pulserande raudt

som skal kvervle rundt Askepott sine føter

når ho drøymer, dansar og lev

og me som talar haustens språk

skal legge oss

alltid like glade når

me samtala ei stund.

 

*

Me samtala ei stund

om det som var

med dei som var i dalen før oss.

Dei kallast

av land bortafor

dei går.

Leirbål blir tende og slokna.

Dei elskar det dei ser

men mest i minnet.

Dei går.

Dalen er for alltid

ei viktig plass for dei

ingen anndre stader

søkjer dei ro og kvile

Dei går.

Naturen har nok rasteplassar

for å gje dei liv

og ta det.

Dei slår ikkje røter

før det siste leirbålet

har brunne ut

og me skal halde fram å

gå vidare.