Omsetjarspråk

Essay Skrevet av

Kva slags språklege val kan ein omsetjar gjera for å skapa ei god omsetjing? Ulike omsetjarar, tradisjonar og sjangrar gir ulike svar.

Norsk Oversetterforening og Samlaget arrangerte i 2012 eit omsetjarseminar for omsetjarar som gjerne ville prøva å omsetja til nynorsk. Alle hadde fått tilsendt ein tekst på det språket dei ville omsetja frå, og skulle omsetja teksten til nynorsk. Teksten viste seg å vera henta frå Tonje Glimmerdal av Maria Parr, men det visste ikkje kursdeltakarane. Det var interessant å sjå kor ulike resultat dei leverte inn. Og det var ikkje fordi dei hadde tolka jobben svært ulikt – det var nok heller fordi dei som hadde omsett Parr-teksten frå norsk, hadde ulike forståingar av oppgåva. Særleg slåande var det i den franske teksten, der det stod ting som ikkje stod i den opphavlege teksten i det heile. Innanfor fransk gjendikting er det visstnok tradisjon for å dikta til litt ekstra, om ein synest det trengst.

For ein norsk omsetjar er det heller framandt å ta seg slike friheiter. Men det kan vera tilfelle der ein synest at lesaren treng ei forklaring, og det kan sjølvsagt løysast med at ein bruker nokre ekstra ord på å beskriva til dømes ein gjenstand me ikkje har i vår kultur. Då eg omsette Æresdrap av den tyrkiske forfattaren Ayse Onal, støytte eg borti fleire fenomen som eg ikkje forstod, blant anna namn for seremoniar og tradisjonar i Tyrkia. I den engelske versjonen, som var mitt utgangspunkt, stod det tyrkiske ordet gjerne kursivert, utan forklaring. Eg valde då å ta kontakt med ein tyrkisk kurdar eg kjende, og saman laga me ei ordliste som forklarte desse tyrkiske orda. Dette var ei sakprosabok, men historiene var skrivne i ein skjønnlitterær stil, og det ville ikkje ha fungert med fotnotar eller parentesar i teksten. Men ordlista kunne stå bak i boka, til hjelp for dei som gadd å slå opp.

Truskap mot utgangspunktet
For meg er det viktig å vera tru mot forfattaren, og prøva å formidla det han eller ho har vilja seia. Eg ser altså ikkje på meg sjølv som ein gjendiktar som kan tillata meg å «forbetra verket» ved å stryka det som eg måtte vera usamd i. Men samtidig prøver eg å finna ut kva det er han eller ho har vilja seia. Derfor kan eg ikkje alltid omsetja ordrett det forfattaren har skrive, men må prøva å skjøna essensen og seia det med ord som eg trur lesaren vil forstå. Det gjeld sjølvsagt òg når eg omset frå bokmål til nynorsk. Nettopp fordi det er to nærskylde språk, er det lett å bli fanga av ord og uttrykk som for så vidt kan brukast i begge målformene, og omsetja dei ord for ord. Noko av kunsten for den som omset frå bokmål, er å bryta ned substantiviske seiemåtar og knekkja koden, så å seia, eller trekkja ut essensen. Kva var det eigentleg denne forfattaren hadde tenkt, før han pakka det inn i mange fine vendingar?

«Det dunkelt sagde er det dunkelt tenkte», heiter det – og det får mang ein omsetjar erfara. Når det ikkje lèt seg gjera å finna ut av kva forfattaren ville seia, bør ein ta kontakt med han eller henne. Men det er av og til lettare sagt enn gjort – sjølv om det er enklare i dag enn før e-posten vart allemannseige. Når eg kjem i tvil og det ikkje har late seg gjera å kontakta forfattaren, har eg laga eit framlegg som eg synest verkar fornuftig ut frå samanhengen, og bedd oppdragsgjevaren vurdera forslaget. Dropbox har vist seg godt eigna til meiningsutveksling mellom omsetjar, redaktør og andre, til dømes forfattaren, om han forstår norsk, då.

Min tommelfingerregel når eg driv med omsetjing, blir då å vera tru mot innhaldet i teksten, men ikkje nødvendigvis tru mot teksten ord for ord.

Språkleg støy
Eg er ikkje av dei som har store gjendiktingar på samvitet, for eg omset mest frå bokmål til nynorsk, og då er det mest sakprosa det går i. Men gjennom åra har eg òg omsett ein del sakprosa frå andre språk – engelsk, dansk og svensk, og nokre få skjønnlitterære tekstar.

Sidan eg har arbeidd mest med sakprosatekstar, har eg oftast omsett til ein nynorsk som ligg «midt på treet», og som ikkje er farga av dialekten min eller av personlege språklege preferansar. Sjølv om eg er rogalending og slik sett burde halda meg til a-infinitiv, er eg pragmatisk og bruker e-infinitiv til dømes i ein stortingsproposisjon som eg veit blir lesen fyrst og fremst av bokmålsbrukarar. Eg ønskjer at språket skal laga minst mogleg «støy»; det sentrale med sakprosa er å få fram innhaldet utan at lesaren stussar på språket.

Ordvalet er eit endå betre døme på korleis ein kan unngå støy. Då eg ei tid dreiv og omsette tekstane på mjølkekartongar frå bokmål til nynorsk, kom eg borti ordet beinskjørhet. Kva heiter det på nynorsk, spurde eg Språkrådet. Svaret den gongen (rundt 1990) var beinskjørleik eller beinskøyrleik. Det skreiv eg, sjølv om eg syntest at det var eit oppkonstruert ord – noko det jo òg var. Suffikset -leik er ikkje lenger produktivt i nynorsk, det vil seia det blir ikkje brukt til å laga nye ord, men det blir derimot suffikset -heit. I dag er haldningane til an-, be-, -heit og -else heilt annleis enn for berre tjue–tretti år sidan, og eg ville heilt klart ha brukt beinskjørheit i ein nynorsk tekst i dag.

Som språkleg støy opplever eg òg det er når omsetjaren ikkje er stødig i norsk rettskriving. Stadig oftare opplever eg at dei som omset til bokmål, ikkje greier skilja mellom de og dem. Det bør ein venta at ein omsetjar, som jo er ein språkarbeidar, skal kunna meistra.

Bruk av stilnivå
Eg vel som nemnt gjerne ein midtlinjenynorsk når eg omset tekstar. Før 2012 hadde nynorsk tonivåsystemet med hovudformer og klammeformer, og då var hovudformene det som gjerne vart rekna som midtlinjenynorsken. No er tonivåsystemet oppheva, og alle former kan i prinsippet brukast om kvarandre. Det er likevel mogleg å velja former som ligg på den tradisjonelle kanten, eventuelt på den bokmålsnære kanten, eller ein kan til ein viss grad spela på dialekten. For å visa landsdelstilknyting kan ein bruka infinitivsendinga: a-infinitiv signaliserer Sør-Vestlandet og Vestlandet til og med Sogn, kløyvd infinitiv Austlandet og Trøndelag, medan e-infinitiv passar med talemålet på Sørlandet, Nord-Vestlandet og i store delar av Nord-Noreg. Samtidig er e-infinitiv den endinga som er minst markert – sjølvsagt fordi ho fell saman med bokmål.

I den siste Bibel-omsetjinga har omsetjarane valt å halda på a-infinitiv, sikkert fordi det har vore tradisjon å bruka a-infinitiv, og kanskje fordi dei tradisjonelle formene høyrest mest høgvyrdelege ut. I det heile ser ein ofte at det er den tradisjonelle nynorsken som blir brukt i høgprosatekstar. I den nynorske omsetjinga av Lord of the Rings – Ringdrotten – har Eilev Groven Myhren spela på ulike stilnivå på framståande vis. Brødteksten er på midtlinjenynorsk, mens alvane talar høgprosa nærast etter Aasen-rettskriving, og hobbitane talar hallingdialekt.

Det er nok særleg i skjønnlitteratur det er aktuelt å spela på ulike stilnivå på den måten. Det store føredømet mitt er Isak Rogdes omsetjing av The Color Purple – på norsk Fargen bortenfor – der han brukte nordnorsk for sørstatsengelsk i replikkane. Han hadde òg ei grunngjeving for å gjera det: Han ville signalisera at talemålet til afroamerikanarane i sørstatane var eit lågstatusspråk som samtidig låg langt frå sentrum. Austkantdialekt frå hovudstaden, som ofte blir brukt i omsetjingar av lågstatustalemål, ville ikkje gi same assosiasjonar, meinte han.

Omsetjaransvaret
Omsetjaren har klart eit stort ansvar for å formidla originalteksten på best mogleg måte. Han eller ho er den sjansen forfattaren har til å nå fram i eit nytt språkområde, og derfor er det viktig at omsetjaren kan faget sitt. Etter mitt syn må den som omset skjønnlitteratur, ta andre omsyn enn den som omset sakprosa. I skjønnlitteratur skal du formidla inntrykk i tillegg til å formidla innhaldet – til dømes gjennom å bruka ord som formidlar visse stemningar, lukter eller synsinntrykk. Den som omset sakprosa, bør leggja mest vekt på å få fram bodskapen på ein enkel og klar måte, med eit umarkert språk – anten originalteksten er enkelt eller klart skriven. Men begge delar er lettare sagt enn gjort.

Søyland er omsetjar og språkrettar.